Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Undervisningsopplegg  >  Matematikk og kunst og handverk
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Matematikk og kunst og handverk

Bruk lærebok om geometri og Akantus kapittel 2 og 4 som utgangspunkt. I tillegg kan du bruke Akantus kapittel 4 Nettoppgåve om tesselering

Mål

Å lage ein matematisk kunstinstallasjon som skal hange til utsmykking på skolen eller ein annan eigna stad.

Arbeidskrav

Du skal etter denne oppgåva:
  • kjenne til storleiken på ein kubikkmeter (m³), ein kubikkdesimeter (m³) og ein kubikkcentimeter (cm³)
  • kunne gjere om mellom ulike volumeiningar
  • kunne rekne ut overflate og volum av rette prisme
  • kjenne omgrepa: rette prisme, kube/terning
  • kunne lage ei arbeidsteikning og eit produkt frå teikninga
  • vite kva tesselering er og kunne lage eigne tesseleringar med ulike figurar

Oppgåver
  • Du skal lage ein dm³ i brettekartong
Gjer slik: Studer ein terning. Korleis kjem den tredimensjonale forma til å sjå ut dersom du brettar ut alle sidene på eit flatt papir og gjer den tredimensjonale forma om til ei todimensjonal form (areal)? Bruk kunnskapen/oppdaginga og lag ei arbeidstteikning av ein utbretta dm³ på eit A3-ark. Figuren skal vere eit samanhengande stykke, og det skal vere nok limflater til å lime saman figuren til ein terning. Lag så din dm³ i farga brettekartong. Ver nøye med målinga!
  • Du skal dekorere din dm³ med tesseleringar
Gjer slik: Lag idéskisser av ulike tesseleringar. Vel den/dei du likar best og klipp ut figurane i farga papir. Lag tesseleringane og dekorer så mange sider av din dm³ som du sjølv ønskjer.

Vel mellom alternativa under

1 Lag ein eller fleire cm³ på same måte
2 Lag fleire dm³
3 Lag ein m³, og dekorer tre av sidene med tesseleringar
4 Gjer matematikkoppgåvene (eigne ark)

Vurdering

I denne oppgåva blir du vurdert etter i kor stor grad du meistrar å innfri arbeidskrava.

Lykke til!
« Attende