Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Undervisningsopplegg  >  Biletbeskriving
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Biletbeskriving

Bilete fortel meir enn du ser. Ein kunstnar har laga biletet, og har tenkt nøye gjennom kva han eller ho vil fortelje, og korleis. Nokre gonger er det slik at vi kan lære meir om biletet ved å lære meir om kunstnaren og den tida han eller ho levde i.



«Syk pike» – Christian Krohg

Studer biletet «Syk pike» av Christian Krohg:

- http://harriet.nasjonalmuseet.no/ukenskunstverk/index.php?showimage=5

- http://cgfa.sunsite.dk/k/krohg1.jpg

Oppgåver

1 Kor gammal trur du jenta på biletet er?
2 Korleis er håret hennar?
3 Kva har ho på seg?
4 Kvar i rommet sit ho?
5 Korleis kan du sjå at ho er sjuk?
6 Er biletet nytt eller gammalt?

Denne jenta lir av tuberkulose. Det er ein smittsam sjukdom, som svært mange døydde av på 1800-talet. Dei sjuke fekk feber og hoste, av og til spytta dei blod. Det fanst ingen medisinar mot sjukdomen. Biletet er måla av Christian Krohg i 1881. Systra hans, Nana, hadde døydd av tuberkulose nokre få år tidlegare.

Å beskrive eit bilete betyr å fortelje nøyaktig kva du ser. Tenk deg at ein som ikkej har sett biletet, skal kunna teikne det etter beskrivinga di.

«Syk pike» kan vi beskrive slik

– Hovudmotivet er ei ung jente som sit i ein gammaldags stol.
– Vi ser henne rett framanfrå. Ho ser på oss.
– Ho sit langtframme i biletet. Ho har eit kvitt pledd over seg frå livet og ned. Bak ryggen har ho ei stor, kvit pute.
– Ho er bleik i andletet og raud rundt auga. Det ser ut som om ho er sjuk.
– Ho har på seg ein kvit, langerma bluse med krage.
– Ho held ei vissen rose i fanget.
– Vi kan så vidt sjå armlena på den mørkebrune stolen ho sit i.
– Vi ser berre litt av golvet og veggen bak.
– Biletet ser nesten ut some it fotografi, men det er eit oljemåleri.
– Biletet heiter «Syk pike» og er måla i 1881 av Christian Krohg.


«Det syke barn» – Edvard Munch

Studer dette biletet: : http://www.tate.org.uk/collection/N/N05/N05035_8.jpg

Oppgåver

1 Kva er hovudmotivet i dette biletet?
2 Korleis ser personane i biletet ut?
3 Kva ser vi elles i rommet?
4 Kva fargar er brukte?
5 Korleis er dette biletet måla?
6 Skriv di eiga beskriving av dette biletet. Du kan godt bruke beskrivinga av «Syk pike» som utgangspunkt. Les beskrivinga di høgt for ein annan.

«Det syke barn» blei måla av Edvard Munch i 1885/86. Systra hans, Sophie, hadde døydd av tuberkulose åtte år tidlegare, berre 16 år gammal. Munch har ein annan måte å måla på enn Christian Krohg. I biletet til Munch er figurane nesten utviska. Han måla først motivet, skrapa av måling og måla på nytt mange gonger. Han ville ikkje at måleriet skulle likne på eit fotografi, men heller vise sorga og fortvilinga ein opplever når ei ung jente blir sjuk og døyr.

Hugseliste når du skal beskrive eit bilete

1 Kva ser vi i biletet, og kvar er det plassert? I framgrunnen, mellomgrunnen, bakgrunnen?
2 Over, under, ved sidan av? Til høgre, til venstre? På skrå?
3 Kva er hovudmotivet i biletet?
4 Kva er det viktigaste som skjer i biletet?
5 Kva teknikk er brukt? Måleri, teikning, fotografi?
6 Kva fargar har dei ulike tinga i biletet?
7 Kva er tittelen på biletet?
8 Kven har laga det?
9 Kva tid vart det laga?



«Sjølvportrett med ape» – Frida Kahlo

Studer dette biletet:
http://www.artchive.com/artchive/k/kahlo/kahlo_selfmonkey.jpg

Oppgåver

1 Kva viser dette biletet?
2 Kva ser du i framgrunnen av biletet?
3 Kva ser du i bakgrunnen?
4 Kvar i biletet ser du apekatten?
5 Beskriv korleis kvinna ser ut
6 Kva slags dyr ville du måla i sjølvportrettet ditt?

Frida Kahlo måla «Sjølvportrett med ape» i 1938. Ho var frå Mexico. Då ho var 18 år gammal blei ho alvorleg skadd i ei bussulukke. Mesteparten av livet var ho lenkt til sjukesenga. Biletet viser ei alvorleg og stolt kvinne, med håret fint oppsett. Apen er følgjesveinen hennar. Frida Kahlo beundra apar fordi dei var barnslege og leikne.


«Les valeurs personelles» – René Magritte

Studer dette biletet:

http://www.sfmoma.org/artwork/27665

Oppgåver

1 Beskriv biletet. Bruk hugselista til hjelp.
2 Finn ut kva tittelen betyr.

René Magritte måla dette biletet i 1952. Det viser heilt vanlege ting på ein ganske uvanleg måte. Er glaset kjempestort? Eller er senga og skåpet bitte små? Magritte ville overraske oss for at vi skulle sjå ordentleg etter. «Folk ser ting i forbifarten og tenkjer lite over dei», sa han.


«La tristesse du roi» – Henri Matisse
Studer dette biletet:

http://www.centrepompidou.fr/education/ressources/ens-matisse-en/popup13.html

Dette biletet handlar om ein konge som er trist og lei seg. Henri Matisse laga det i 1952, då han var gammal og skrøpeleg. Han kunne ikkje lenger stå og måla, difor klypte han i papir medan han låg i senga. Papirfigurane limte han saman til fargerike bilete.

Oppgåver:
1 Lag ei liste overfargar som blir brukte inntil kvarandre i dette biletet. Start slik: gult/blått, rosa/skarp grøn (hald fram!)
2 No skal du bruke auga dine godt, og finne ut meir om korleis Matisse har plassert dei ulike tinga i biletet.
a) Kva ser du midt i biletet?
b) Kva er lengst framme i biletet?
c) Kva farge har bakgrunnen?
d) Kva trur du den breiaste rosa streken skal vere for noko?
e) Finn midten vassrett i biletet. Kva ligg langs han?
f) Finn midten loddrett i biletet. Kva ligg langs han?
3 Kvifor er kongen trist? Lag eit bilete som svarer på spørsmålet. Du skal bruke farga papir, saks og lim, på same måte som Matisse. Du skal lage eit bilete som liknar, i same stil som han.
« Attende