Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Vurdering  >  Nytt om vurdering i grunnskolen
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Nytt om vurdering i grunnskolen

Kunnskapsdepartementet har fastsett ny forskrift til opplæringslova, og denne forskrifta tok til å gjelde 1. august 2006.

Du kan laste ned heile forskrifta ved å klikke deg inn på denne nettstaden: http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20060623-0724.html


Dei viktigaste endringane i den nye forskrifta er følgjande:
  • Nye forskriftsparagrafar på grunn av innføringa av Kunnskapsløftet, under dette kjem nye omgrep og paragrafar om overgang frå L97 til Kunnskapsløftet
  • Ein del oppryddings- og redigeringsarbeid samt nokre tekniske og språklege endringar med tanke på å gjere forskrifta meir brukarvennleg. Dette gjeld særleg kapittel 1 og 3 for grunnskolen.

Av innhaldsmessige endringar peikar dei spesielt på følgjande:
  • Undervegsvurdering og sluttvurdering er innførde som omgrep. Det er klargjord at vurdering med og utan karakter er to ulike vurderingsmåtar (kapittel 3)
  • Formuleringa for vurdering utan karakter i grunnopplæringa er endra slik at både kompetansemåla i faga og til dei andre måla i Læreplanverket for Kunnskapsløftet er nemnde eksplisitt som noko som skal vurderast (§ 3-4). Utdanningsdirektoratet presiserer at grunnskolane i kontakten med heimen, m.a. om denne vurderinga, må leggje til rette for at det oppstår god kommunikasjon. Det kan innebere at skolen må vurdere om det er trong for for eksempel tolk i spesielle tilfelle.
  • Paragraf om varsling i samband med vurdering er endra slik at dei føresette berre skal varslast når det er fare for at det ikkje kan setjast termin- eller standpunktkarakter (§ 3-10).
  • Paragrafen om standpunktvurdering er samordna slik at det er faglærar som set sjølve karakterane, mens det er rektor som er ansvarleg for at dette blir gjort på rett grunnlag (§ 3-11).

Den nye forskrifta samstemmer i all hovudsak med det vi skriv om vurdering i ressurspermen. Unntaket er § 3-10 om varsling. Tidlegare var det slik at skriftleg varsel skulle givast dersom standpunktkarakteren stod i fare for å bli sett ned i forhold til siste terminkarakter. I følgje den nye forskrifta skal varsel berre givast når eleven står i fare for å ikkje få termin- eller standpunktkarakter.

I tillegg til forskrifta (som legg dei viktigaste føringane for vurdering i grunnskoleopplæringa) har Utdanningsdirektoratet skrive eit brev til Kunnskapsdepartementet der dei gjer greie for pågåande utviklingsarbeid med vurdering. Dei har òg utarbeidd ein omtale av vurdering i grunnopplæringa i LK06. Der konkluderer dei med at det er tydeleg trong for å auke fokus på og styrkje arbeidet med vurdering i grunnopplæringa.

Både brevet og omtalen finn du her:
http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Artikkel.aspx?id=1808

« Attende