Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Planlegging  >  Akantus og digitale hjelpemiddel
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Akantus og digitale hjelpemiddel

Verket Akantus , både elevbok, ressursperm og nettressurs, legg opp til at elevane skal bruke Internett aktivt, og at dei skal utnytte digitale hjelpemiddel i arbeid med oppgåver og prosjekt. Vi har likevel ønska å formulere oppgåver og lærestoff ut frå den føresetnaden at ikkje alle ungdomsskolar har like lett nettilgang. Alle brukarar av verket må få fullt utbytte av lærestoffet og oppgåvene, også dei som enno ikkje er godt nok utrusta når det gjeld digitale hjelpemiddel.


Kva seier læreplanen?

Grunnleggjande ferdigheiter i faget: Å kunne bruke digitale verktøy

I kunst og handverk er ei slik ferdigheit viktig når elevane søkjer informasjon, og når dei produserer stoff i tekst og bilete. Produksjon av digitale bilete står sentralt i arbeidet elevane gjer med foto, skanning, animasjon, film og video. I dette arbeidet er det også viktig med haldningar til og kunnskapar om kjeldekritikk, personvern og reglar om opphavsrett. Multimedia inngår i presentasjon av eigne og andres arbeid. Kunnskap om estetiske og digitale verkemiddel er avgjerande for bevisst kommunikasjon.

Kompetansemål i faget etter 10. årstrinn:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne (utdrag):
  • bruke ulike funksjonar i biletbehandlingsprogram.
  • teikne biletmanus, redigere og manipulere enkle digitale opptak (…).
  • vurdere ulike bodskap, etiske problemstillingar og visuell kvalitet i reklame, film, nettstader og dataspel.
  • dokumentere eige arbeid i multimediepresentasjonar
  • beskrive ulike løysingsalternativ i design av eit produkt ved hjelp av skisser og digital programvare.
  • samtale om arkitektteikningar og digitale presentasjonar av byggjeprosjekt, vurdere tilpassing til omgivnadene og skissere ulike løysingar.

Korleis løyser Akantus dette?

Akantus elevbok

Vi meiner at elevane må ha kunnskapar om biletkomposisjon, layout, design, arkitektur, film osv., samt kunne ein god del teknikkar. Dessutan meiner vi at kunst og handverk er eit praktisk fag, slik også den nye læreplanen slår fast: ”Praktisk skapende arbeid i verkstedene med å gi form til opplevelser og utvikle produkter står helt sentralt i faget”. Vi har derfor lagt stor vekt på praktiske og differensierte oppgåver.

Dette står ikkje i motsetning til å ta i bruk digitale hjelpemiddel. Men digitale hjelpemiddel kjem i tillegg til det praktisk skapande arbeidet i materiale.

I alle samanhengar der det er naturleg, er bruk av digitale hjelpemiddel foreslått som alternativ i oppgåvene i elevboka.

I enkelte kapitel har bruken av digitale hjelpemiddel fått brei plass, blant anna:
Kapittel 1: Datamaskinen som verktøy
Kapittel 2: Fargar i biletbehandling ved hjelp av datamaskinen
Kapittel 3: 3D-teikning på datamaskinen (illustrasjon)
Kapittel 4: Datamaskin som reiskap i mønsterbygging. Illustrasjon til dette.
Kapittel 5: Fotografi. Multimediepresentasjonar
Kapittel 6: Film. Animasjonsteknikkar
Kapittel 7: Design og teknologi. Designprosessen
Kapittel 8: Pia Myrvold-design
Kapittel 9: Byggjeskikk. Restaurering. Nye hus i gamle omgivnader. Planteikningar
Kapittel 10: Mange internettbaserte oppgåver. Biletmanipulering
Kapittel 11: Mange internettbaserte oppgåver. Samtidige fotografar, datamanipulerte bilete Videokunst.

Akantus ressursperm:

s. 12–13: Pigmentfargesystemet og lysfargesystemet, korleis datamaskinen kan brukast i denne samanhengen
s. 15: Arbeidsteikningar, omtale av profesjonelle 3D-program som reiskap
s. 20: Datamaskinen til bruk under mønsterbygging.
s. 27: Biletbehandling på datamaskinen. Biletmanipulering
s. 31–32: Filmtriks
s. 37: Design og teknologi
s. 41: Designprosessen
s. 49: Byggje modellar (teknologi og design)
s. 50: Skissere ulike løysingar (byggjeprosjekt)
s. 73–75: Forslag til årsplanar, der det blir lagt opp til at elevane skal få erfaring med digitale verktøy i ulike samanhengar
s. 77–83: Tverrfaglege emne der digitale verktøy skal brukast: teknologi og design, det gylne snitt, tesseleringar, reklame, film, emballasje, borettslaget
s. 96: Skanning
s. 97: Biletmanipulasjon
s. 110: Ordliste – biletbehandling
s. 111: Filmredigering

« Attende