Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  3D, bildebehandling, gratisprogram  >  Nettstader og dataspel
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Nettstader og dataspel

Den digitale kompetansen skal hevast i skolen, og i kunst og handverk er dette tydeleg særleg i høve til kompetansemåla i visuell kommunikasjon. Eitt av dei nemner nettstader og dataspel.

Visuell kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • vurdere ulike bodskapar, etiske problemstillingar og visuell kvalitet i reklame, film, nettstader og dataspel
Elevane skal altså lære meir enn digitale dugleikar. Dei skal lære å bruke dei digitale verktøya kreativt og kritisk.

Nettstader

Ein nettstad er ikkje ei nettside. Ein nettstad er bygd opp av informasjon som blir presentert via nettsider. Informasjonen er lagra, kan behandlast på ulike måtar, og altså visast på ei nettside.
I kunst og handverk vil elevane bruke Internett til å søkje etter informasjon, og vil få god kjennskap til ulike nettsider. I denne samanhengen kan det passe å vurdere den visuelle kvaliteten på desse. Læreplanen legg ikkje opp til at elevane skal lære å lage eigne nettsider, men dette kan likevel vere aktuelt for nokre elevar.

Layout kan best definerast med kvar og korleis ein plasserer tekst, bilete og illustrasjonar på sida. I forhold til nettstader må ein også vurdere korleis aktive lenkjer er plasserte, og om det er brukt animasjon eller andre rørlege element.

Det er inga fasitløysing til ein god layout. I nokre samanhengar er eit tradisjonelt oppsett med rammeverk best, andre gonger er det betre med noko meir flytande og horisontalt. Det som iallfall kjenneteiknar ein god layout, er bruk av luft og harmoni mellom tekst og bilete.

Nettsider er bygde opp på mange ulike måtar, men alt i alt handlar alle sidene om kommunikasjon. Innhaldet er det primære, men utforminga av sida skal få lesaren interessert i å lese. Det inneber luft i tekst og bilete, harmonisert bruk av bilete og illustrasjonar, og ikkje altfor mange uroande element.

Kva kan elevane undersøkje?

Forslag til spørsmål elevane kan bruke, gjerne til å samanlikne to ulike nettsider:
1 Korleis er hovudteksten på sida plassert? Midt på, horisontalt (fyller heile skjermen), til venstre?
2 Har sida mange kolonnar?
3 Må lesaren scrolle mykje for å lese teksten?
4 Har sida popup-vindauge?
5 Kva skrifttype og skriftstorleik er brukt?
6 Korleis er bakgrunnsfargen?
7 Korleis er bileta plasserte?
8 Er sida tettpakka eller med luft?
9 Kor mange lenkjer har sida?
10 Er lenkjene raske å få opp på skjermen?

Dataspel

Dataspel er ein arena der elevane som regel har større erfaring og kompetanse enn lærarane. Pedagogiske spel har for lengst gjort sitt inntog i skolestova, mens underhaldningsspela tradisjonelt har hatt eit litt dårlegare rykte. Felles for underhaldningsspela er at dei tener til underhaldning og tidtrøyte, og i dei fleste tilfelle også til sosialt samvær.

Det finst mange sjangrar av dataspel: puslespel, kunnskapsspel, plattformspel (til for eksempel Playstation 2), adventurespel, rollespel, simuleringsspel, kortspel, krigsspel o.fl. Mange filmar har dataspel som spinoff-produkt. Dei fleste dataspela har konkrete eller abstrakte problemstillingar som skal løysast; ein blir utsett for fare (og kanskje død) dersom ein ikkje klarer det. Handlinga er som oftast lagd til ei fantasiverd, mens nokre spel er meir realistiske.

Kva kan ein lære av å bruke dataspel? Debattane om dette går med jamne mellomrom i media. I det siste har det vore fleire rapportar om dei positive effektane slike spel har. Mellom dei kan nemnast trening i kreativ problemløysing, oppøving av konsentrasjonsevne og reaksjonsevne, samt god kjennskap til datamaskinen. Mange av spela gir også allmennkunnskap frå ulike fagområde.

Elevane skal vurdere bodskap, etiske problemstillingar og visuell kvalitet i dataprogram. Det kan vere ein idé å velje to eller fleire spel i same sjanger, kanskje eit spel basert på ein film.

Kva kan elevane undersøkje?

1 Finn ulike meldingar av dataspel. Kva kriterium er brukte?
2 Kva sjanger hører spelet til?
3 Kva aldersgrense har det?
4 Kor mange personar er spelet meint for?
5 Kva går spelet ut på?
6 Korleis er grafikken?
7 Korleis skjønar ein kva ein skal gjere?
7 Synest du spelet er morosamt? Grunngi svaret.
8 Er det noko du reagerer negativt på? Grunngi svaret.
9 Skriv ei melding av spelet.
« Attende