Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Undervisningsopplegg  >  Grunnleggjande om bruk av Internett
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Grunnleggjande om bruk av Internett

Dei fleste grunnskoleelevar veit kva Internett er og kan brukast til, men somme elevar treng særskild tilrettelegging for å forstå samanhengen mellom internett, nettstader, nettsider og søkjemotorar. Opplysningane under er meint som eit forslag til korleis du som lærar kan leggje til rette for slike elevar.

Kva er Internett?

Internett er teknologi som består av datamaskinar, kablar og telesamband som transporterer informasjon mellom maskinane. Vi menneska sender, tek imot, arbeider med det og vurderer informasjonen.

Nettsider og nettstader

Alle som har oppkopling til Internett, har tilgang til millionar av nettsider der dei kan sjå, lese og kanskje høre det som finst på sidene. Alle desse sidene har si eiga adresse. Nettsider som tematisk hører saman, kallar vi ein nettstad. Nettstaden kan samanliknast med ei informativ framside som på ein enkel måte viser veg til ulike nettsider. Ved hjelp av lenkjer i form av hypertekst, eit bilete eller ein logo, kan du klikke deg ned til den nettsida du ønskjer. Når du flyttar deg rundt på ulike nettsider, nyttar du deg av det vi kallar verdsveven (eng. world wide web, forkorta til www).

Søkjemotorar

Søkjemotorar er kraftige dataprogram som heile tida søkjer rundt på verdsveven. Google, Kvasir og Alta Vista er dei mest vanlege, men det finst mange andre søkjemotorar. Heile tida noterer dei kva som finst av ord og ordkombinasjonar på dei forskjellige nettsidene. Når du leiter etter ein bestemt informasjon, er det din evne til å spørje etter dei rette orda – på rett måte, som avgjer om du på ein rask og effektiv måte finn det du leiter etter. Ved å kombinere fleire ord på éin gong, er det som oftast mogleg å redusere svaret til eit fåtal sider.

Øvingar

1 Skriv adressa http://startsiden.no På denne sida finn du tre gode søkjemotorar du kan bruke for å finne opplysningar om kunstnarar, mellom anna: Google, Kvasir og AltaVista.
2 Bruk søkjemotoren Google og søkjeordet Matisse. Kor mange treff får du? Bruk søkjeordet Matisse+biografi. Kor mange treff får du da?
3 Bruk søkjemotoren Kvasir og gjer dei same øvingane som i oppgåve 2.
4 Bruk søkjemotoren Alta Vista og gjer dei same øvingane som i oppgåve 2.
5 Vel ei av nettsidene om Matisse. Arbeid med det og vurder innhaldet. Skriv eit kort innhaldsreferat om kunstnaren

Grunnleggjande om kjeldekritikk

I Kunnskapsløftet er bruk av digitale verktøy ein grunnleggjande dugleik i kunst og handverk. For å meistre denne dugleiken er det mellom anna viktig at elevane tileignar seg gode haldningar til og kunnskapar om kjeldekritikk. Det finst fleire nettsider som tek opp dette temaet. Nedanfor listar vi opp to gode og informative sider.

http://www.medietilsynet.no/no/Trygg-bruk/
Dette er Trygg bruk si nettside. Dei seier dette om seg sjølv: ”Trygg bruk ønskjer å lære barn og tenåringar korleis dei reduserer ”risikoåtferd” og er ansvarlege internettbrukarar. Vi arbeider vidare for å gi foreldre, lærarar og internettindustrien midla for at barna skal kunne nå dette målet.”

http://www.ung.no/?shw=KILDEKRITIKK
Denne sida inneheld offentleg informasjon til ungdom.


Når du legg til rette undervisning i kjeldekritikk, kan du for eksempel gi elevane følgjande oppgåver:

1 Bruk SAFTs nettside og finn ut kva som er føremålet med kjeldekritikk.
2 Kva viktige kriterium gjeld i hovudtrekk for alle typar kjelder og kjeldemateriale?
3 På SAFTs nettside finn du også opplysningar om adressevurdering. Finn opplysningar om kva ei lang web-adresse kan innebere.
4 Tast inn denne adressa: http://www.ung.no/?shw=KILDEKRITIKK
Klikk deg vidare til Sjekkliste for kildekritikk. Skriv ut lista og bruk opplysningane kvar gong du vurderer innhaldet på ei nettside.








« Attende