Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Slottet i Oslo – ikkje heilt som planlagt
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Slottet i Oslo – ikkje heilt som planlagt

Slottet i Oslo blei bygd i perioden 1823–1848, og blei teikna av den danskfødde H.D.F. Linstow (1787–1851). Hans opphavlege plan var eit rikt, H-forma anlegg, med fløyer på sidene som ville ramme inn midtpartiet med gavl. Dessverre fanst det ikkje pengar til å gjennomføre planane til Linstow, og dei opphavlege planane måtte derfor forenklast. Slottet står derfor fram med jamn fasade, der berre midtpartiet stikk fram. Linstow gjennomførte reguleringsplanen for Karl Johans gate og områda rundt, og han har derfor sett sitt preg på hovudstaden vår.
« Attende