Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Guernica – Picassos protestbilete
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Guernica – Picassos protestbilete

I 1937 hadde Picasso blitt spurt om å lage Spanias bidrag til den internasjonale kunstutstillinga i Paris. På den tida var det general Franco som hadde makta i Spania. I Tyskland førebudde Hitler seg til storkrig, og Franco gav Hitler lov til å teste krigsmaskineriet sitt på ein liten spansk landsby. Guernica var den eldste byen i den baskiske provinsen, og var sentrum for dei kulturelle tradisjonane til baskarane. 26. april 1937 bomba tyskarane byen, og dei utsletta praktisk talt heile byen i løpet av tre kvarter. Folk blei meidde ned da dei prøvde å flykte. Byen brann i tre dagar. 1600 menneske blei anten drepne eller skadde. Picasso blei opprørt og forbanna, og måla biletet Guernica som ein protest. Biletet blei dermed Spanias offisielle bidrag til utstillinga. Det blei seinare vist rundt om i verda som ei åtvaring mot farane i fascismen.
« Attende