Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Borgund stavkyrkje – ei av dei mest kjende stavkyrkjene våre
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Borgund stavkyrkje – ei av dei mest kjende stavkyrkjene våre

Borgund stavkyrkje (side 187) blei reist rundt 1150, og står ved hovudvegen mellom Sogn og Valdres. Med dei mange taka som lyftar seg over kvarandre frå svalgang til spir, med utskytande arker over inngangspartia, framstikkande gavlar og drakehovud på møna, er kyrkja eit praktfullt syn. Dette er den mest autentiske av stavkyrkjene våre, utan tilbygg eller endringar frå seinare tid. Stavkyrkjene er sette saman berre ved hjelp av inntapping, falsing og trenaglar. Storleiken på kyrkja spegla rikdommen i bygda og den sentrale posisjonen kyrkja hadde. Det same gjaldt utsmykkingane. Symbola i stavkyrkjene har samanheng med norrøne symbol og symbol henta frå andre land. Slangen er eit symbol for legekunst i Mesopotamia, men i Bibelen symboliserer han freisting. I norrøn mytologi var han Midgardsormen. Epletreet i Bibelen kunne forvekslast med asken Yggdrasil. Symbola kunne leve vidare og tolkast både i den gamle og den nye trua.
« Attende