Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Siddik Barmak (født 1962) – afghansk filmregissør og prisvinnar
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Siddik Barmak (født 1962) – afghansk filmregissør og prisvinnar

Siddiq Barmak blei fødd i Panjshir i Afghanistan 7. september 1962. Som liten gut drøymde han om å bli filmregissør. Gutedraumen hjelpte han til å velje utdanning, for som 25-åring fekk han sin mastergrad i filmregi. Barmak starta med å lage små dokumentariske kortfilmar, og først i 2003 laga han sin første spelefilm. Filmen heiter «Osama» og dokumenterer ein mørk augneblink i verdshistoria. Han handlar om Afghanistan og Taliban i tida mellom 1996 og 2001 – tidsrommet da Taliban styrte med diktatorisk jernhand i landet. Barmak byggjer filmen på ei sann historie om ei ung jente som i redsel for å bli oppdaga og med eit inderleg ønske om å gå på skole, kledde seg ut som gut for å kunne studere. På side 129 og 130 i Akantus kan du lese meir om denne filmen. I tida før og etter Taliban har Barmak vore ein respektert leiar for afghansk film, men under Taliban-regimet måtte han flykte i eksil for å berge livet. Dei la ned forbod mot bruk og laging av alle former for bilete, og dei rettferdiggjorde det med biletforbodet i islam. Dette resulterte i at filmane til Barmak blei inndregne og brende. Frå å vere ein ettersøkt lovbrytar har historia om Barmak utvikla seg til å handle om ein prislønt og lidenskapeleg filmregissør. Han ønskjer å skape magiske augneblinkar som kan føre menneska nærmare si eiga smerte, si eiga gate og sitt eige ansikt.
« Attende