Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Michelangelo Merisi da Caravaggio (1571-1610) – den største italienske målaren på 1600-tallet
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Michelangelo Merisi da Caravaggio (1571-1610) – den største italienske målaren på 1600-tallet

Michelangelo Merisi da Caravaggio var det opphavlege namnet hans, men som kunstnar blei han berre kalla Caravaggio etter den norditalienske byen han kom frå. Caravaggio utmerkte seg tidleg som ein svært talentfull målar, og han fekk mange oppdrag frå kjende kunstmesenar da han som 22-åring flytta sørover til hovudstaden Roma. Han måla for det meste religiøse stilleben frå bibelske hendingar (noko som var svært vanleg på 1600-talet i barokken), men Caravaggio nytolka motiva inntil det skandaløse. På side 88 i Akantus kan du sjå eit bilete han har måla. Caravaggio likte å utfordre konvensjonane og tradisjonane i tida, og han krangla og slost. Det blir sagt at opplysningar om han finst like mykje i politiarkiv som i andre dokument. ”Han sjangla av stad … med sverdet ved sida og ein tenar som følgde han, frå det eine ballet til det neste, alltid klar til ein slåstkamp eller ein krangel, noko som gjer at det er svært vanskeleg å bli forlikt med han.” Slik skreiv målaren van Mander som var på besøk i Roma frå Nord-Europa. Trass i sitt turbulente og korte liv har Caravaggio markert seg som ein nyskapande og viktig kunstnar – ein kunstnar som modellerte fram realistiske menneske, og ikkje berre typar. Modellane sine henta han blant tiggarar og prostituerte.
« Attende