Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Sonia Terk Delaunay (1885–1979) – russisk maler og tekstildesigner
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Sonia Terk Delaunay (1885–1979) – russisk maler og tekstildesigner

Det opphavlege namnet hennar var Sonia Stern, men ho tok seinare namnet Terk etter ein rik onkel som budde i St. Petersburg, der ho voks opp. Sonia likte å teikne og å bruke fargar, og slekt og venner oppmuntra henne til å utvikle talentet sitt. 20 år gammal drog ho til Paris for å studere ved Academie de la Palette, og der fekk ho mange kunstnarvenner. Fem år seinare gifta ho seg med kunstnaren Robert Delaunay, og saman utvikla dei orfismen – ein ny målestil som tok utgangspunkt i kubismen, men der lys- og fargeenergi spelte ei viktig rolle. Med utgangspunkt i enkle geometriske former og klare fargar designa ho pynt på møbelstoff, tapet, kostyme og vanlege klede. På side 58 i Akantus kan du sjå noko av det ho designa. Sonia Terk Delaunay blei ein svært omtykt kunstnar, og i 1964 hadde ho utstilling i museet Louvre i Paris. Utstillinga viste heile produksjonen hennar. Utstillinga viste også eit sitat frå henne sjølv, der ho beskriv den viktigaste inspirasjonskjelda si: ”I am attracted by pure colours. Colours from my childhood, from the Ukraine. Memories of peasant weddings in my country in which the red and green dresses decorated with many ribbons, billowed in dance.”
« Attende