Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Paul Cézanne (1839–1906) – førebiletet til Monet, Matisse og Picasso
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Paul Cézanne (1839–1906) – førebiletet til Monet, Matisse og Picasso

I 2006 er det hundre år sidan kunstnaren Paul Cézanne døydde. Han blei fødd og voks opp i Aix-en-Provence, ein by i Frankrike. Tidleg viste Cézanne stor interesse for kunst, og det høgste ønsket hans var å bli kunstnar. Faren til Cézanne, derimot, meinte at sonen burde utdanne seg til bankmann, slik han sjølv hadde gjort. Cézanne som var ein sjølvrådig og stillfarande gut, trassa ønska til faren og reiste til Paris for å måle og å bli oppdaga som kunstnar. Der blei han godt kjend med mange impresjonistar og forfattarar, som Claude Monet og Émile Zola. Dei inspirerte han til å tenkje nytt. For Cézanne ville noko nytt! Han lengta etter sterke, intense fargar og klare former, og ønskte å leggje større vekt på voluma og tyngda i tinga enn å få fram luftig fargeskimmer – slik som impresjonistane. Verdien til den einskilde fargen blei viktig å ta stilling til. Veg eit felt med gul farge like mykje som eit like stort felt med blått? Og kva farge veg tyngst av raud og grøn? Med delikate og ofte repeterande penselstrøk modellerte han fram tredimensjonale og særeigne fargeflater som balanserte i vekt med kvarandre. Cézanne måla for det meste stilleben og landskap, og han blir rekna som føregangsmannen for moderne kunst. ”Den største blant oss,” sa Monet. ”Vårherre av måleriet,” sa Matisse. Picasso slo fast at ”Cézanne var min einaste verkelege meister og førebilete. Far til oss alle”.
« Attende