Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Anna-Eva Bergman – romantisk og streng
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Anna-Eva Bergman – romantisk og streng

Anna-Eva Bergman blei fødd i Stockholm, men voks opp i Noreg. Etter studiar på Statens handverks- og kunstindustriskole og Kunstakademiet i Oslo, utdanna ho seg vidare i Wien og Paris. Der møtte ho den tysk-franske kunstnaren Hans Hartung. Dei gifta seg i 1929. Dei var den store kjærleiken til kvarandre, men blei skilde da krigen nærma seg. Anna-Eva Bergman var mykje sjuk, og ekteskapet fekk liten støtte i nærmiljøet. Tilbake i Noreg etter skilsmålet måtte ho ha eit levebrød. Ho skreiv og teikna for magasin og aviser ein periode. Bergman og Hartung gifta seg igjen kvar på sin kant, men brevvekslinga slutta ikkje. Så ein dag i Paris møttest dei på ei utstillingsopning, og kjærleiken blussa opp igjen. Nytt ekteskap blei inngått i 1957. Anna-Eva Bergmans måleri er inspirert av naturen og geometriske reglar og konstruksjonar. Ho bruker mektige former og klare linjer i dei abstrakte bileta sine.
« Attende