Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Barbara Hepworth (1903–1975) – britisk pioner
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Barbara Hepworth (1903–1975) – britisk pioner

Barbara Hepworth (1903–1975) var ein av dei største britiske kunstnarane i det 20. hundreåret. Ho meinte at kvinner kunne vere kunstnarar og samtidig ha familie, akkurat som menn. Ho heldt fram å arbeide, sjølv med ein son frå første ekteskap og med trillingar frå det andre, og uførte all hogginga og skjeringa sjølv. I starten arbeidde ho med marmor og tre, men sidan tok ho også i bruk bronse som materiale. Ho sa: «I rarely draw what I see. I draw what I feel in my body.» Dei abstrakte skulpturane hennar fekk stor påverknad. Eit av dei mest kjende arbeida er Single Form (1961–64), som er til minne om FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld, og som står frramfor FN-bygningen i New York. Du finn eit bilete av dette på side 236 i Akantus. Minoisk hovud (1972), som vi har med på side 227 i Akantus, er eit abstrakt hovud. Minoisk er kulturen på Kreta frå rundt år 3000 til 1050 f.Kr., oppkalla etter den legendariske kong Minos. Barbara Hepworth framhevar det enkle i uttrykket, slik dei gamle grekarane gjorde i sine små statuettar (sjå Kykladisk figur, side 226).
« Attende