Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Longyearbyen på Svalbard – ei arktisk perle
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Longyearbyen på Svalbard – ei arktisk perle

På side 183 i Akantus ser du bilete av hus i Longyearbyen på Svalbard. Kjedehusa i Lia, dei såkalla «spisshusa», er dei mest iaugefallande. Dei er måla hovudsakleg i gult, raudt og grønt. Det heilt alminnelege mørkeblå huset i klyngja skil seg ut, nettopp fordi det er så alminneleg.
Interiørarkitekt Grete Smedal frå Bergen laga fargeplanen, og dei første husa blei måla etter denne i 1983. «Eg ville ha fargar som kunne gi folk ei stimulerande oppleving og som kunne gi identitet til de ulike områda,» seier Grete Smedal. Dei ekstreme lystilhøva og det særprega arktiske landskapet gav henne heilt særskilde utfordringar. Ein grunntanke i fargeplanen var å gi Longyearbyen ein eigen identitet, ein særskilt karakter som skulle skilje byen og dei menneskelege aktivitetane frå den uendelege villmarka rundt. Fargane skulle assosierast med byen, varmen og tryggleiken der, og markere eit avvik frå naturen. Samtidig blei det lagt vekt på at fargane skulle inngå i eit samspel med naturen, men utan at ein underordna seg fargeskalaen i naturen.
« Attende