Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Madonna (fødd 1958) – trendskapar og symbolprodusent
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Madonna (fødd 1958) – trendskapar og symbolprodusent

Madonna blei fødd i Bay City, Michigan, USA. Hennar eigentlege namn er Madonna Louise Veronica Ciccone. Som seksåring mistar ho mora si, og faren tek eineansvaret for henne og hennar fem brør og systrer. Å spele piano, danse ballett og etter kvart spele teater tek opp meir og meir av Madonnas interesse, og nitten år gammal studerer ho mellom anna ballett ved University of Michigan. Deretter set ho kursen for New York, karrieren skyt fart, og ho viser stor evne til stadig å fornye og utvikle seg som artist. Madonnas appell til publikum ligg i ein kombinasjon av bilete og musikk. Derfor får ho god drahjelp av MTV som opnar på denne tida. Kvinneleg makt og fridom til å uttrykkje kvinneleg seksualitet opptek henne mykje. Derfor elskar ho å manipulere media og det offentlege gjennom å setje i scene seg sjølv og sitt kjønn på utfordrande måtar, men med full kontroll over eigen musikk, eigen mote og stil og eige image. Ho tek i bruk pornografien for å utfordre ideen om kvinna som passivt seksualobjekt, mellom anna ved å tileigne seg dei mekanismane menn bruker for å kontrollere kvinner. Ho opponerer mot det mannlege blikket: menn handlar og kvinner kjem til syne. Madonna, derimot, ser rett inn i kameraet og møter blikket til mannen.
« Attende