Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Eileen Moray Gray (1878-1976) – ein pioner blant kvinner
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Eileen Moray Gray (1878-1976) – ein pioner blant kvinner

Eileen Moray Gray var ein av få kvinnelege designarar i si tid. Ho var den yngste av fem barn i ein rik, irsk familie. Faren oppmuntra henne til å studere målarkunst. Etter farens død i 1900 flytta ho til Paris. Ho lærte seg ein gammal orientalsk lakkeringsteknikk, men ho tente lite, og måtte ha hjelp frå familien for å klare seg. Etter første verdskrigen lærte ho seg å teikne hus, og begynte samtidig å designe møblar. Etter andre verdskrigen var ho sjeldan nemnd i design- eller arkitekturkrinsar. Men i 1968 stod ein artikkel om karrieren hennar i eit magasin, og nokre av arbeida hennar blei utstilte. Ein stol og eit bord blei sette i produksjon igjen. Ho blei berømt.
« Attende