Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Ridley Scott (fødd 1937) – visuell og storslegen regissør
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Ridley Scott (fødd 1937) – visuell og storslegen regissør

Ridley Scott blei fødd inn i ein heilt vanleg arbeidarfamilie i byen South Shields i England. Som mange andre filmskaparar starta han sin filmkarriere som regissør for reklamefilmar, og han har laga nokre av Englands mest nyskapande reklamar. Han var uredd og kreativ, og fekk etter kvart stor tiltru til bruk av hi-tech og store effektar. Ved West Hartlepool College of Art studerte han grafisk design, og mens han var elev der, laga han sin første kortfilm. Etter bestått eksamen fekk han jobb hos BBC som produksjonsdesignar, men etter kort tid blei han forfremma til regiavdelinga. Han fekk genistatus av kjende produsentar. Produsenten Dino De Laurentiis sa for eksempel dette: «Ridley er eit geni! Han minner meg somme gonger om Fellini, fordi dei begge får eit manus i handa og skaper noko nytt i kvart einaste bilete. Det er to måtar å lage ein film på; du lagar filmen som manuset, set saman det som står på dei ulike sidene. Eller du skaper, dag for dag, ein film som er til inspirasjon. Det var det Fellini gjorde. Og det er det Ridley Scott gjer.» Ridley Scott er særleg godt kjend for filmane «Alien», «Blade Runner», «Thelma & Louise» og «Kingdom of Heaven». Han har blitt oscarnominert tre gonger.
« Attende