Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Harriet Backer (1845–1932) – ein lysmeister
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Harriet Backer (1845–1932) – ein lysmeister

Harriet Backer blei fødd i Holmestrand. Ho hadde gode evner, men på den tida var det ikkje vanleg å gi jenter utdanning. Jentene skulle helst berre stelle heime, og så bli gift og forsørgde. Heldigvis torde Harriets foreldre å trasse normene i samfunnet. Dei meinte at utdanning var viktig – også for jenter. Derfor flytta familien til Christiania slik at ho kunne få dei beste lærarane. Først var ho elev hos målaren Eckersberg, deretter blei ho elev ved «Nissens guvernanteskole», ein type lærarskole for jenter. Dette var den høgaste form for utdanning ei jente kunne få i Noreg på slutten av 1800-talet. Som 30-åring blei Harriet klar over sitt kunstnarkall, og frå da brukte ho all si tid og alle sine krefter på å skape god kunst. Særleg var ho oppteken av den verknaden lyset hadde på fargane. Harriet var svært sjølvkritisk og tilbakehaldande, og først da ho var 62 år gammal, blei den første separatutstillingen arrangert – ikkje av henne sjølv, men av mannlege målarvenner. Utstillinga vekte stor fagnad. Harriet blei ei gammal dame, men arbeidsevna og arbeidsgleda var til stades heile tida. Ho fekk kunstnargasje og St. Olavs orden for sitt arbeid, og på 85-årsdagen blei det arrangert eit stort fakkeltog til ære for henne.
« Attende