Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Henri de Toulouse-Lautrec (1864–1901) – far til den moderne plakatkunsten
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Henri de Toulouse-Lautrec (1864–1901) – far til den moderne plakatkunsten

Toulouse-Lautrec voks opp i Paris i ein svært rik og fornem familie, med slekt som kunne daterast tusen år tilbake. Han var einebarn og fekk mykje omsorg og kjærleik. Som liten var han svak og ofte sjuk og blei sengeliggjande i lange periodar. Kanskje var det for å ha noko å gjere i desse periodane at han allereie som tiåring begynte å teikne og måle? Dessverre blei han som trettenåring råka av beinbrot i begge beina. Dette førte til at vekseprosessen i beina stoppa opp, mens resten av kroppen heldt fram å vekse og utvikle seg normalt. Toulouse-Lautrec blei berre 1,5 meter. Som vaksen mann hadde han som følgje av dette, ekstremt korte bein i forhold til overkroppen, og følte seg på mange måtar annleis og utanfor. Han bestemte seg da for å vie heile sitt liv til kunsten. Han ville skildre Paris på godt og vondt – særleg det som var bak dei vakre fasadane. Derfor er dei fleste av bileta og plakatane hans frå kafear, veddeløpsbaner, dansesalongar, kneiper og bordellar. Dei er fulle av skarpe observasjonar og genial strekføring, og gir uttrykk for liv og rørsle – rørsla i augneblinken. Danselokalet Moulin Rouge, som framleis ligg på Montmartre, opna i 1890, og her blei Toulouse-Lautrec stamgjest. Hans første plakat (av i alt 31) reklamerte for denne staden.
« Attende