Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Bendik Riis (1911–1988) – merkt av livet
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Bendik Riis (1911–1988) – merkt av livet

Bendik Riis blei fødd i Fredrikstad. Han er ein av dei mest særprega biletkunstnarane det siste hundreåret. Men vegen til full godkjenning var lang for mannen som blei stempla sinnssjuk og «behandla» på grufulle måtar. Biletet på side 48 i elevboka er eit av hans hovudverk. Faren hans hadde gått konkurs og familien blei kasta ut av heimen sin i Fredrikstad i 1928. Dette er tema for «Utkastelsen», som blei måla i 1954. Bendik Riis hadde solid utdanning som biletkunstnar. Under krigen demonstrerte han som «Freds venn» og blei teken hand om av politiet. Mens han sit fengsla, blir han undersøkt av lege og stempla sinnssjuk, men utan å bli innlagt. Det blei han først i 1946. Han blei på Gaustad sjukehus fram til 1952, og blei utsett for ei lang rekkje behandlingar, mellom anna med elektrosjokk. Kunsten speglar hans eigne livserfaringar, som også markerte avgjerande periodar i norsk historie: Nødstida på 1920- og 30-talet, krigen og den tyske okkupasjonen, samt norsk psykiatrihistorie på 1940- og 50-talet, med «behandlingsmåtar» som i dag er isgufs frå ei nær fortid. På slutten av livet budde han på Rishaugen kvileheim i Halden, der han fekk eige atelier i hagen. Han var Noregs utstillar på Venezia-biennalen i 1984.
« Attende