Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  TIL LÆREREN  >  Portrett  >  Frida Kahlo (1907–1954) – måla sitt liv med innsida ut
   
  TIL LÆREREN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Frida Kahlo (1907–1954) – måla sitt liv med innsida ut

Den spinkle, intenst vakre Frida Kahlo brukte seg sjølv og sitt eige liv i alt ho måla, og i ekstrem grad blei livet hennar prega av smerter. Gjennom tallause sjølvportrett og sterkt personlege, surrealistiske bilete let ho desse smertefulle livserfaringane komme tydeleg til uttrykk. Frida blei fødd i Coyoacan, Mexico, og ho voks opp som eit svært viljesterkt og livleg barn. Men som attenåring blei ho utsett for ei dramatisk ulykke mens ho var på veg heim frå skolen. Bussen ho kjørte med, kolliderte med trikken, og Frida blei regelrett spidda da eit metallrekkverk gjekk gjennom underlivet og ryggrada hennar. Dette gjorde at ho ikkje kunne få barn, og at ho store delar av livet hadde problem med å gå. Smertene i rygg, nakke og føter plaga henne konstant. Som sengeliggjande attenåring begynte ho å male, og det heldt ho fram med livet ut. Frida Kahlo er også kjend for sitt glødande engasjement i kampen for fridom og mot undertrykking i heimlandet, og ho ruvar som ein av dei viktigaste meksikanske kvinner gjennom tidene. Det var spesielt dei undertrykte indianarane i landet som opptok henne, og det i ei tid da slike standpunkt var upopulære.
« Attende