Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  1 (Verktøykasse)
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Verktøykasse





I faget kunst og handverk skal du utvikle idear og skape produkt
ved hjelp av ulike materiale. Du skal òg montere og presentere dei
ferdige produkta dine. I denne prosessen vil innhaldet i «verktøykassa»
hjelpe deg. Anten du teiknar, målar, lagar gjenstandar eller arbeider
ved datamaskinen, vil du finne nyttig kunnskap om grunnleggjande
dugleik i dette kapittelet.

Ver dristig – prøv gjerne ut ideen din i ulike materiale. Gi deg god
tid når du lærer nye dugleikar. Øving gjer meister, heiter det i sporten,
og det gjeld i kunst og handverk òg – di meir du øver, di flinkare blir du.