Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  11 (Samtidskunst)
   
  TIL ELEVEN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Samtidskunst





«I avisa i dag var det bilete av ein skulptur eg syntest var
rar …» «I kommunehuset heng det eit stort bilete som ikkje
liknar noko som helst!» «Musikken til Arne Nordheim? Nei,
eg liker musikk som har ein melodi!» Slike kommentarar er
nokså vanlege når folk snakkar om samtidskunst.

Det verkar som om det er heilt greitt ikkje å like samtidskunst.
Kvifor er det slik? Blei god kunst berre skapt i tidlegare tider?
Eller er det slik at vi liker best det vi kjenner og forstår?