Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  8 (Tekstil)
   
  TIL ELEVEN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Tekstil





Å arbeide med tekstilar er som å setje saman ein fargerik kollasj eller å lage
eit måleri. Dei meir eller mindre flate og gjennomsiktige, vovne tøystykka som
vi kjøper i metervis, kan samanliknast med måleunderlaget. Lause fibrar, for
eksempel ull til toving og garn og trådar i ulike fargar, kvalitetar og tjukkleikar,
kan samanliknast med målefargane. Synåler, brodernåler, maskinnåler,
hakkekrokar, heklekrokar og strikkepinnar kan samanliknast med måle-
penslane.

På biletet på side 160 i Akantus ser du korleis ein tekstilkunstnar har klart å
setje saman fem tekstilremser til ein innhaldsrik installasjon. Ho sa sjølv at
installasjonen var eit resultat av eit sorgarbeid i samband med at ei god
venninne døydde. Venninna heitte Sissel, og «Sissels landskap» er fylt med
mange minnespor frå vennskapen deira. Indigofargen (blåfargen)
symboliserer namnet på diktsamlinga Indigo, som venninna hadde skrive like
før ho døydde. Dei trykte fuglane er nøyaktige kopiar av stempla ho hadde
brukt for å illustrere dikta sine.