Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  7 (Design)
   
  TIL ELEVEN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Design





Sjå for deg desse gjenstandane: Klokka du har på armen, bilen,
telefonen, musikkanlegget ditt, vaskemaskinen, buksa du har på
deg, sofaen i stua og vasen med blomar på bordet. Studer hals-
smykket på biletet til venstre.

Kva har desse gjenstandane til felles? Kanskje ikkje så mykje. Mat-
eriala er ulike, dei blir brukte til ulike føremål, dei ser heilt ulike ut.
Men det tinga har felles, er at nokon har tenkt gjennom korleis dei
skal sjå ut. Nokon har planlagt korleis gjenstanden skal formast, og
kva materiale han skal lagast i.

Det er ikkje uviktig for oss korleis tinga vi har rundt oss til dagleg,
er utforma. Gjennom utforminga verkar tinga på oss. Samstundes
gir vi òg ting meining eller verdi ved å like dei eller forkaste dei,
ved å stille oss likegyldig til dei eller ved å la dei bli ein del av vårt
eige sjølvbilete. Er det ikkje slik at du vel klokke og klede ut frå
korleis du ønskjer å bli oppfatta? Bilen er sjølvsagt først og fremst
eit framkomstmiddel. Men kan ein ikkje signalisere mykje om person-
legdom og stil gjennom den bilen ein kjører rundt i?