Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  6 (Film)
   
  TIL ELEVEN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Film





Filmeventyret begynte 28. desember 1895. Den dagen arrangerte
brørne Auguste og Louis Lumière den første offentlege filmfram-
syninga, som blei halden på Grand Café i Boulevard des Capucines
i Paris. Filmplakaten til venstre er frå dette året og denne staden.
Plakaten viser Paris-borgarar som tydeleg er oppglødde over ein av
filmane på programmet til kinematografen som brørne Lumière dreiv,
«L‘arroseur arrosé», («Den som vatnar, blir sjølv vatna»).

Filmen var svært enkel og varte berre i nokre få minutt, for tekno-
logien sette sine grenser. Kameraet var stort og tungt, slik at ein ikkje
kunne flytte det rundt eller ta nærbilete. Filmen blei rett og slett laga
ved at kameraet blei sett ned ein stad, og så gjekk kameraet mens eit
eller anna kvardagsleg skjedde. Slik sett var det ikkje ei ordentleg
handling i filmen – publikum fekk berre sjå det tittelen sa, og ikkje noko meir.
Men det var fascinerande nok for folk som aldri hadde sett levande bilete,
og overalt der det blei vist film, strøymde publikum til.