Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  5 (Bilete)
   
  TIL ELEVEN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Bilete





Gjennom radio, fjernsyn, nettstader, reklame, aviser, film, musikk, teikneseriar
og biletbøker blir vi dagleg bombarderte med eit mangfald av lydar og synsinn-
trykk. Sjå på meg! Ropar biletet til oss. Vi ser, vi tenkjer, vi hugsar, vi drøymer
– og alle reagerer vi på vår eigen måte. Bileta snakkar til oss på same måte
som vi kan snakke med andre gjennom eigne bilete. Dei er kraftfulle uttrykk
som ønskjer å setje tankar, kjensler og fantasi i sving hos oss.

Opplevinga du får, er avhengig av kven du er, kva du ber på av opplevingar,
korleis du har det når du møter biletet. Er du forelska og glad, kan eit bilete
verke annleis på deg enn om du kjenner deg trist og åleine ein dag. Alder og
modning gjer òg noko med oss: Eit bilete du syntest var skummelt å sjå på da
du var liten, gir deg kanskje heilt andre tankar no.