Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  4 (Mønsterbygging)
   
  TIL ELEVEN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Mønsterbygging





Å byggje eit mønster er det same som å eksperimentere
med former og fargar – setje dei saman og lage uttrykk
som kan fungere som pynt på produkt du skaper i kunst-
og handverkstimane.

Mens du byggjer, tenkjer du deg former og fargar som
passar saman, eller som passar til det uttrykket du ønskjer
å skape. Du vurderer, forenklar, forkastar og prøver på nytt,
heilt til du blir nøgd. Resultatet blir eit produkt med særpreg
– det får sin eigen identitet, takk vere tanken din, blikket ditt
og tida du bruker.