Du er her: Hovudsida  >  Hovuddel 1  >  Hovuddel 1  >  3 (Perspektiv)
   
  TIL ELEVEN
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Perspektiv





Du ser alt rundt deg i perspektiv, og derfor veit du kva slags form
gjenstandar har, og kvar dei er i høve til kvarandre. Du oppfattar
verda tredimensjonalt. Men auga dine kan òg oppfatte form og rom
i ei teikning på eit flatt ark. For å konstruere slike teikningar treng du
ein del teknikkar.

Den italienske arkitekten Francesco Borromini (1599–1667) kunne
perspektivreglane og kunne leike med dei. Her har han laga ein
«narrekorridor» i Palazzo Spada i Roma. Når vi ser på denne korri-
doren, lurer auga våre oss. Vi trur at alle søylene er like høge og står
med like stor avstand frå kvarandre. Vi trur at taket òg har jamn høgd.
Dermed verkar korridoren svært lang, og statuen lengst bak verkar
stor. Men slik er det ikkje. Borromini gjorde søylene og taket gradvis
lågare innover i korridoren, og søylene blei plasserte tettare og
tettare saman. Statuen, og det han står på, er lågare enn du. På den
måten lurer Borromini oss til å tru at korridoren er meir enn fire gonger
så lang som den eigentleg er (9 meter).